Litt om historia til hytta

Tilbake til [ min hjemmeside | min side om Gjerstad ]


Huset er sannsynligvis bygd i 1904. Her kan du lese litt om historia til hytta hentet fra hefte 1 av Gjerstad bygdesoge som er skrevet av Torleif Kveim (utgitt i 1962):


Kjersti Heiland

var frå Kongsnes, og var g. m. enkemannen Halvor Nilsen Heiland, og budde i Timråsen. Dei hadde dottera Gurine. Halvor døde i 1903. Han hadde ein stor barneflokk frå det første ekteskapet. Kjersti fekk bygd eit hus i Egdalen i 1904 og flytta dit med dei minste barna til Halvor.

Gurine blei g. m. Kittil Maurlia. Dei budde der ei tid. Men så fekk Kittil kjøpt Bratli av prestegarden. Han braut og bygde der og dei flytta dit omkring 1926-28.

Gunvor Halvorsdatter Mikalsen

flytta så inn, og fekk seinare kjøpt huset. Ho var d. t. Halvor Skorva og Sissild Torgrimsd, og var enke etter bakar Mikalsen, og hadde ein stor barneflokk. Dei er alle tatt ut frå bygda, sånærsom Halvor, som bygde på prestegarden. Marta, Magna, Signe, Kristine og Marie er flytta ut og gifte. Gunvor er f. 1879 og bur framleis i huset.


Som vi ser så var det altså Kjersti Larsdatter Heiland som bygde huset i 1904 etter at mannen Halvor Nilsen Heiland døde i 1903. Seinere var det dattera Gurine Halvorsdatter Heiland som budde her sammen med mannen Kittil Maurlia.

I folketellinga fra 1900 for gnr 19, bnr1 Tømmeråsen (under Mæsel) ser vi at Halvor da var enkemann og at Kjersti står oppført som tjenestejente. Men i følge Kveim er altså Gurine datter til Halvor og Kjersti, selv om hun i folketellinga fra 1900 står oppført som Gurine Andersdatter(?):

1272 Halvor Nils. m b hf e Husmand m j og tømmerhugger 1856 t n s

1273 Nils Halvors. m b s ug Søn (hjemme) 1885 t n s

1274 Jørgen Halvors. m b s ug Søn (hjemme) 1889 t n s

1275 Knut Halvors. m b s ug Søn (hjemme) 1890 t n s

1276 John Halvors. m b s ug Søn (hjemme) 1892 t n s

1277 Kjersti Larsd. k b tj ug Tjenestepige Husgjerning 1860 t n s

1278 Gurine Andersd. k b tj ug Datter 1895 t n s

Etter Kjersti og Gurine så flytta altså Gunvor Halvorsdatter Mikalsen inn i huset. Ho var enke etter baker Karl Mikalsen og hadde 6 barn. I folketellinga for 1900 finner vi for gnr 10, bnr 3 i Egddalen:

817 Halvor Jacobs. m b hf g Murer 1837 t n s

818 Sissild Torgrimsd. k b hm g Husstel 1836 t n s

819 Gunvor Halvorsd. k b d ug Gaardsarbeid 1879 t n s

820 Tellef Nils. m b el g Bager 1862 Landvik Ned n Kristi menighed

821 Karl Mikals. m b el ug Bagersvend 1867 Kopervik Sta n s

Gunvor blei altså gift med Karl Mikalsen fra Kopervik som var bakersvend i 1900. Han døde sannsynligvis i 1920 åra, og Gunvor flytta inn i huset "vårt". Hun bodde der til ca 1960. Dattera Magna overtok og bodde der til ca 1980. Tvillingsøster til Magna het Signe, og hun er mormor til Sidsel. Og Sidsel er gift med broren min Leidulf, så litt indirekte har hytta en historie i familien.


I teksten under finner du mer om de ulike husa under garden Ulltveit (gardsnr 10) i Egddalen fra boka til Torleif Kveim. Her ser vi også at foreldra til Gunvor Halvorsdatter Mikalsen (Halvor Jacobsen Skorva og Sidsel Torgrimsdatter Flåta) hadde i et hus i Egddalen (gnr 10, bnr 3), slik vi også ser av Folketellinga fra 1900. Teksten er skannet av undertegnede fra boka til Kveim.

Lenger oppe i Egdalen blei det bygd fleire hus, nær presteveien. Me har før hørt om at Ola Vefall bygde hus der. Før han hadde fleire bygd. Tellef Jensen, Guttorm Berntsen, Kjersti Heiland, Anders Presthagen og Halvor Skorva. Beruld Monen var den siste som bygde der, omkring 1920.

Tellef Jensen Egdalen

Han var frå Monen, Lunden og gift 1856 med Åse Rasmusd. Eskeland, 24 år gl. Dei budde ei tid i Ola Egdalens hus. Men så bygde han sjølv hus omkring 1874, og der budde dei resten av si tid. Tellef var mykje med på vegarbeidet på bygdevegen, og hadde eit lag der.

Tellef og Åse hadde barna Gunvor, Kari, Marte, Åse, Jens, Nils og Rannei. Gunvor blei g. m. enkemannen smeden Jon Knutsen Vestøl og budde i Egdalen. Kari fekk Eivind Jonsen Dalen og flytta til Lindland i Søndeled. Kari døde snart, og søstera Marte blei då g. m. Eivind. Åse blei g. m. Lars Larsen Trydal, Øygarden, og dei budde på Bekrus. Jens budde i Presthagane og var lenge på Gjerstad. Han var g. m. Marte Skaldrop.

Nils var gift 1. g. med Kirstine Brendalsmo. Dei hadde sonen Tellef. Andre gongen blei Nils g. m. Sishild Kristisdal. Dei hadde Åse, g. m. Anders Grantangen, Georg, g. m. Borghild Ormkleiv, Berte, g. m. Hugo Lande. Dei budde ei tid på Søndeled, men så blei Nils gravar og kjørketenar i Gjerstad og budde på Almustaua. Rannei var heime hos foreldra i Egdalen. Ho d. ugift.

Anders Presthagen.

Det var vel omkring 1904 at Anders bygde huset i Egdalen. Det var ei gamal staue som før hadde stått i Haukedalen og som blei flytta ned dit, fortelte Anders. (Både Torbjørn og Ola Høstfet var fødd der, sa han). Dei hadde før budd i Presthagane. Mor til Anders, Gunvor Beruldsdotter og søstera Kjersti flytta med. Anders har drive som skaukar, murar og vegarbeidar. Så blei han vegvaktar. Han gjorde godt arbeide. Det var ingen som hadde noke å klage over det. Og vegvaktarane var svært utsett for klander, då biltrafikken begynte. Anders er f. 1883 og blei g. m. Kjersti. Dei hadde barna: Arne, f. 1911, Gjertrud, gift i Risør, Bjørgo, dro tilsjøss og kom bort under krigen. Navnet står på minnesteinen ved kjørka. Gina, g. m. Per Stalsberg, Jessheim. Astrid, g. m. Ola Asmunddalen, Gjerstad. Agnes, enke e. Rudolf Sandåker, Gjerstad. Olav er f. 1924.

Beruld Larsen Monen

bygde hus i 1920. Han var blitt enkemann og selte plassen på Monen, Mo, og flytta staua med seg til Egdalen. Han selte huset i 1940 til Arne Presthagen, som bygde på huset, og dei bur der nå.

Halvor Skorva.

Han var f. 1837 i Stormyr, Vestøl, og d. 1925 i Egdalen. Han var g. m. Sidsel Torgrimsd. Flåta. Ho d. 1921 i Egdalen. Dei budde ,dei første åra i Stormyr. Så flytta dei til Stien, Vestøl. Halvor sette opp hus der, og Ola Heiland trudde at Halvor rydda opp plassen av nyom, sa han. Men så innstilte jernverket, og det blei slutt med koldrivinga. Så flytta dei til Skorva og budde der. Dei var også ei tid på Morka. Dei hadde mange barn. Fleire døde små. Ingeborg, f. 1860 var g. m. Guttorm Berntsen, og Gunvor, f. 1879 var g. m. bakar Mikalsen. Begge døtrene budde i Egdalen. Sonen Jakob Halvorsen f. 1870 (d. 1930) budde i Heståsmyra ved Tvedestrand. Ein anna son, Torgrim drukna i Hunsvann, 15 år gl. Han gjette på Ulltveit. Etter Halvors tid fekk kommunen huset, og det har budd mange der. Nå har Peder Sandåker kjøpt huset og bur der. Han er g. m. Margrete. Dei har barna Magne, Tomine, Magnus og Birger. Dei tri eldste er gifte og flytta ut. Birger er sjømann.

Guttorm Berntsen.

Han var smed, og f. 1854 i Gjerstad. Han var oppkalla etter farfaren, den kjente bygdekunstnaren Guttorm EftestøI i Fjotland. Guttorm hadde vore smed og filhoggar på Verket. Då det innstilte i 1884 bygde han snart hus i Egdalen og hadde smie der. Han fekk tufta av Sveinom Ulltveit. Han var g. m. Ingeborg Halvorsd. Skorva. Dei hadde barna: Ole Egdal, f. 1886, gift og bur på Notodden. Bernt er gift og bur i Bråtane, Melås. Døtrene Kjersti og Sofie er gifte og flytta ut. Sofie var g. m. Gunstein Jørgensen og bur i Kragerø. Sønene Halvor og Thor er og flytta ut frå bygda. Guttorm og Ingeborg flytta på sine eldre dagar opp til faren, som budde i Bråtane. Huset i Egdalen brann i 1930-åra. Guttorm var

god smed, og sto aldri forleien med eit vanskeleg arbeid. Egelands jernverk fekk i si tid gullmedalje for m. a. filer på Pariserutstillingen. Dei filene hadde Guttorm laga.

Kjersti Heiland

var frå Kongsnes, og var g. m. enkemannen Halvor Nilsen Heiland, og budde i Timråsen. Dei hadde dottera Gurine. Halvor døde i 1903. Han hadde ein stor barneflokk frå det første ekteskapet. Kjersti fekk bygd eit hus i Egdalen i 1904 og flytta dit med dei minste barna til Halvor.

Gurine blei g. m. Kittil Maurlia. Dei budde der ei tid. Men så fekk Kittil kjøpt Bratli av prestegarden. Han braut og bygde der og dei flytta dit omkring 1926-28.

Gunvor Mikalsen

flytta så inn, og fekk seinare kjøpt huset. Ho var d. t. Halvor Skorva og Sissild, og var enke etter bakar Mikalsen, og hadde ein stor barneflokk. Dei er alle tatt ut frå bygda, sånærsom Halvor, som bygde på prestegarden. Marta, Magna, Signe, Kristine og Marie er flytta ut og gifte. Gunvor er f. 1879 og bur framleis i huset.

Nede ved Egdalsbrua sto det eit hus. Det var eitpar gjenter frå Listøl som bygde opp ei staue. Dei reiste til Amerika. Så kom skreddar Olof Nilsson. Han bygde på ein etasje til, og med veranda. Han budde der i mange år. Så blei han g. m. Marthe Berntsd. Melås. Dei hadde barna Nils, Mathilde og Lisa og Kjersti. Mathilde er i Oslo. Lisa gift i Arendal. Dei andre er døde. Huset skal nå rivast. Det blei for trongt for den nye prestevegen.

Det har vore mange handelsmenner i Egdalen det siste hundreåret, etter bygdevegen blei bygd. Gunder Hansen var vel den første. Så blei detstifta ein «Forbruksforening», og det blei bygd hus og drive handel. Det var vel i 70-åra. Nils Larsen Ausland styrte handelen ei tid. Seinare eitpar andre styrarar. Så var Ole Ausland handelsstyrar ei tid. Han fekk kjøpt forretningen og dreiv for eiga rekning tilomkring 1895. Huset blei selt tillensmann Nordbye, og seinare til doktor Krogh, som budde der i fleire år.

Svend Th. Kveim kjøpte så huset, og tok snart til med landhandel der. Han bygde det om til 2 etasjer. Det er dette huset som nå fru FIøgstad har. Nå driver Tor J. Ausland handel der.

Olav Ulltveit Moe bygde som ung mann hus med bakeri og dreiv handel i Egdalen til han blei gift til Moe og flytta dit sist i 1880-åra. Seinare var det fleire som handla i huset. Det blei starta ein ny «Handelsforening» som var der i huset til dei bygde nytt hus lenger ute i Egdalen omkring 1908. Det var også seinare butikk i huset.

På sine eldre dagar flytta Olav Ulltveit Moe tilbake til huset i Egdalen og budde der resten av sit tid. Han var då gift med Agnes Sunde. Dei hadde barna Kaja, sont er gift i Arendal og Olav, som er gift og bur i Oslo. Agnes Ulltveit Moevar i mange år lærar ved Gjerstad skule.

Nå er det Olav Ulltveit Moes døtre som er eigarar av huset. Eldste dottera Anne Elida og mannen, misjonsprest Sjur Fykse har budd der sia dei kom heim frå misjonsmarka litt før andre verdenskrigen.

Anders Lundens hus

Brødrene Thor og Gudbrand Gislesen bygde hus og dreiv handel i Egdalen. Truleg omkring 1880. Då folk hadde sin handel i byen eller på Verket, fekk dei sine varer, og gjorde opp då lasta eller kola var levert. Dei var vant med kredithandel og det var det ikkje godt å vende folk av med. Det var lite penger blant folk. Og då var det ikkje sjeldan at dei som handla ikkje kunne halda det gåande, men måtte innstille. Det var også vanskelege tider, og små tømmerprisar. Så handlaTorbjørn Asbø og Anders Lunden ei tid.

Seinare var det fleire som leigde butikken i kortare tid. Morten Tjøstolsen Kveim handla der i mange år. Og det har også vore handel der sia.

Anders Andersen Lunden

var f. på Lunden 1855 og g. m. Kjersti Jensd. Trydal, f. 1860. Dei budde i huset i si tid, og blei gamle folk. Anders var i mange år elveinspektør i Gjerstadvassdraget. Dei hadde barna: Hanna, f. 1885, g. m. Per Moe, Vegårshei, Marie, gift i Østfold, Anders, som budde på Kveim, Jenny, meierske i Langesund, og Ingeborg, g. m. Nils S. Ulltveit.